COOP PRIX SVELGEN søker sommarvikar/tilkallingshjelp

Bremanger

Coop Nordvest SA er eit av dei største samvirkelaga i Coop i Norge, med 6 milliardar i omsetnad og ca. 2200 medarbeidarar. Vi har butikkar i 46 kommunar, frå Åfjord i nord til Lærdal i sør, i Trøndelag, Møre og Romsdal og Vestland fylke. Vår verksemd er i første rekke innan daglegvare, i tillegg har vi ein del faghandels- og byggevarebutikkar. Vi er eigd av våre 179 000 medlemmar, og vert drive etter samvirke-prinsippa. Vi har kontor på Orkanger, i Ålesund og i Førde. Vi har som mål å vere eit av landets best drivne samvirkelag. Som ein regionalt stor aktør i ein konkurranseutsett bransje, møter vi heile tida nye konkurranseforhold og utfordringar. Måten vi møter dei på, avgjer om kunden framleis vil velje oss framfor konkurrentane.

 

Vi på Coop Prix Svelgen treng fleire blide og serviceinnstilte kollegaer. Vi søker etter  tilkallingshjelp/sommarvikar som kan stille på kort varsel ved uventa fråvær i butikken, eller når vi har ekstra behov i høgsesong og under ferieavvikling.  Du må ha fylt 18 år og kunne snakke, skrive og lese norsk. 

Arbeidsoppgåver

  • Kundebehandling
  • Varemottak /vareplassering
  • Kasse
  • Forefallende reinhold og rydding

 Våre forventningar til deg: Du er hjelpsam og imøtekommande, og trivast med sal og kundebehandling. Du jobbar effektivt og målretta, kan være fleksibel, og er en lagspelar som er god på kommunikasjon og samarbeid.  Det er viktig for oss at du bidrar til et godt arbeidsmiljø i butikken og trivsel for kundane våre.

Hos oss får du varierte arbeidsoppgåver og ordnede tariffbaserte lønns- og arbeidsvilkår. Du får nødvendig opplæring og ytterlegare kompetanseheving gjennom våre e-læringskurs. Du blir medlem av vår innskuddsbaserte pensjonsordning med egensparing, og er dekket av våre forsikringsavtaler. Vi har rabattavtaler for ansatte.

Spørsmål om stillinga kan rettes til butikksjef Irene Storøy på tlf. 90883693

Søknad og CV registreres digitalt. Gå inn på www.deibestefolka.no

Søknadsfrist: 20.05.24

Kontaktpersoner:

Irene Storøy

Butikksjef

90883693

irene.storoy@coop.no